Etter mykje om og men, mest om, får me endeleg eit forum. Det er mange som ikkje føler seg heime på Yahoo-gruppa, inkludert meg, og som har etterlyst eit forum. Eit medium dei fleste er vane med etter kvart.
Dei snille folka på det uoffisielle forumet har sagt dei kan laga eitt til oss der. Mange av oss er allereie medlemmer der, så me slepp å hugsa enno ei vevadresse og enno eit sett med login-namn/passord.
I skrivande stund står det berre ‘test forum’ der, men eg har tru på at dette ordnar seg kjapt.
Adressa er: Forum.
Beste helsing,
Randi A.
